[Tekst til "Det lyser i stille grender (Julekveld)"]
[Vers 1; Gunnhild]
Det lyser i stille grender
Av tindrande ljos i kveld
Og tusende barnehender
Mot himmelen ljosa held
[Vers 2: Aasmund]
Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall
Som kom og vart heimsens frelsar
Som barn i ein vesal stall
[Vers 3: Gunnhild & Aasmund]
Han låg der med høy til pute
Og gret på si ringe seng
Med englane song der ute
På Betlehems aude eng
[Vers 4: Gunnild & Aasmund]
Dеr song dei for fyrste gongen
Vеd natt over Davids by
Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny
[Vers 5: Gunnild & Aasmund]
Den songen som atter tonar
Med jubel kvar julenatt
Om barnet, Guds son vår sonar
Som myrkret for evigt batt