I ei gamal stova
Heng der ein hjort
I ei gamal stova
Kvila på heidersplass
Pjusket i pelsn men framleis med den
Same strame lokta kvila han der på heidersplass
Horno har breidd seg øve fleire generasjona
Frå den fyrste krigen t no
Inga mann veit lengre
Kven so sette støyte
Nye tonge heva
Si eiga krona øve føregjengar
Ei vak belysning blenkja i dei store
Mørke augo og blanda seg utøve romme
Da knitra i peisn, eldn ber felt åt me
Kubbane og kappa me uverets mange lyda
Der ute so bjørko knela
I ei gamal stova
Heng der ein hjort
I ei gamal stova
Kvila` på heidersplass
Huse stritta med, sta og staut
Stritta imot på trygge helle i lune laft
Styr ikkje om hans tanka utan stø hand på kinn