Det fyrste du har å gjera, Mann
Det er å døy
Når ikkje du længer elska kan
Den fagre Møy
For då er det ute med spræke Gut
Og Mannes Værd
For då er Livet alt brunni ut
Det Oske er
Og derfor stødt som det beste galdt
Eit Hjartelag
Og derfor Mannen han elskar alt
Til Døyan Dag
Og lever der Nokon, som ikkje Liv
Af Kjærleik saug
Då gjeng han atter og sviv og sviv
Som bleike Draug