Guds rike er eit fredens rike
Men det til ufred vendest om
Der førest strid forutan like
So nåden fær så lite rom
Dei beste livet lata må
Fordi dei meir enn andre sjå
Gud vil oss endå nådig hyrda
Og sist frå vilska få oss bort;
Han veit, at om vi broder myrda
So for hans skuld det alt vert gjort
I nåde den han tenkjer på
Som drap for himlen sjølv å få